Ullsheim 10. januar 2015:
Postet av Markane IL den 10. jan 2015
198 deltakarar på Ullsrennet 2015
Tre jenter frå Markane IL mot mål. Frå venstre: Inger Hjelmeset, Anna Flo Kandal og Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Anne Marie Svarstad
I alt 198 skiløparar stilte på startstreken i Ullsrennet 2015. Rennet gjekk i fri teknikk og inngår også i SSF-cupen. Markane IL hadde rekordmange deltakarar på start. Heile 54 løparar stilte opp for MIL i årets Ullsrenn og alle gjorde ein flott innsats i løypa. Alle tider og plasseringar er å finne i resultatlista under.
I dei rangerte klassane vart det ni pallplassar til markaneløparar med fem klassesigrar, tre andreplassar og ein tredjeplass. Torje Seljeset gjekk til topps i klasse G11. Emilie Flo Stavik vann klassa for J11. Her vart det også andreplass til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein klar klassesiger i G15 medan Aksel Mathias Meland vann klasse G16. Ingvild Hatledal var først i mål i klasse UK. I klasse G13 vart det andreplass til Oskar Guddal Breivik og tredjeplass til Sigurd Fotland Fænn. Gaute Bø vart nummer to i klasse G18.
Nokre foto frå dagens renn er lagt ut nedanfor og fleire kjem etterkvart.
Resultatliste for SSF-cup Ullsrennet 10.1.2015 -oppdatert
På veg mot mål. Mari Sofi Meland frå MIL (nr 57), Oddrun Hjelmeset Kirkeeide frå MIL (nr 61) og Rebecca Agnethe Tvinnereim frå Hardbagg (nr 58). Foto: Anne Marie Svarstad
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026