Resultatliste frå Postvegløpet 2026

Postet av Markane IL den 3. jun 2026

Her er resultatlista frå Postvegløpet 2026:

Resultatliste frå Postvegløpet 2026




Postvegløpet 3.juni2026

Postet av Markane IL den 3. jun 2026

Onsdag 3.juni er det klart for årets Postvegløp i Markane.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).

Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonsklasse start frå kl. 1800


Konkurranseklasser:

G/J 13-15, 16-18 (kr 80,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 150,-)

Lisens kjem i tillegg for dei som ikkje har årslisens.

Trimklasse:

Kr. 50 pr person eller familie kr 150

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.

Løpet har hatt svært god deltaking  tidlegare. Vi håpar sjølvsagt på ny deltakarrekord.

1/3-premiering i konkurranseklassen  og i tillegg mange uttrekte premiar i både trim og konkurranse.

Alle velkomne!




Klart for norgescup i skiskyting 11.-14.mars 2027

Postet av Markane IL den 26. apr 2026

Det er klart for nytt norgescuparrangement (ASKO-cup) i skiskyting på Ullsheim 11.-14.mars 2027. Øvingane som står på programmet er sprint, normal/jaktstart og blanda stafett.

Vi takkar for tilliten frå forbundet og gler oss til å ønskje skiskyttarfamilien velkome til Ullsheim!




Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026

Postet av Markane IL den 10. apr 2026

Det er klart for Oldestafetten søndag 19.april. Vi satsar på at det blir fleire lag frå Markane i år også. Påmeldingsfrist er 14. april


Her er innbydinga til Oldestafetten:

Oldestafettinnbyding 2026.pdf





Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 10. apr 2026

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg sin andre kongepokal under NM på skiskyting! Foto: Nordfjord Team Tussa


Maren gjekk sist ut av dei 154 startande på NM-sprinten, og hadde favorittstempelet på seg.Med rask fart og berre ein bom, gjekk ho over mål 27 sekund foran Ingrid L. Tandrevold på andreplass. Julie Tronerud Kvelvane frå Voss IL tok bronsen. Dette er fjerde gongen Maren sikrar seg eit NM-gull

Markane hadde også fleire andre løparar på start i sprinten. Linnea Melheim Espe gjekk inn til 43.plass, Katrine Svarstad Heggdal vart nr 54, Mari Sofi Meland vart nr 85, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide kom på 111 plass og Elina Østerbø vart nr 113.

Fullstendig resultatliste er mogleg å finne på Eqtiming: https://live.eqtiming.com/82515#result:336459-1276997-1452708-1-1-


Vi gratulerer Maren med gull og kongepokal!