Hamar 23.-25. mai 2015:
Postet av Markane IL den 17. apr 2015
Pinseløpa på Hamar

No nærmar det seg O-sesong og Pinseløpa/Ungdomsleir på Hamar 23.-25. mai. Meir om løpa finn du på heimesida: http://www.pinselopene.no/
Det vert eit opplegg i regi av o-krinsen omlag som tidlegare år.
Samlinga har med fokus på løparar frå 14 - 20 år, men er open for alle. Løparar under 14 år bør ha med ein vaksen. (Eventuelt avtale med Anders Bergset).
Isak Bergset(NTNUI) blir med som instruktør/motivator. Han vil spesielt ta seg av løparar som er aktuelle for Hovudløpet.
Vil spesielt oppmode aktuelle Hovudløps-løparar om å delta på samlinga (14-, 15- og 16-åringar).
Fellesmåltid: kveld (laurdag), frukost+middag/kvelds (søndag) og frukost måndag.
Alle må ha med mat/niste til reise og første løp
Det er reservert 6 dobbeltrom på Hamar Vandrarheim, so det er plass til 12 stk totalt.
Fellesmåltida, køyregodtgjersle (ved felles transport) og overnatting blir dekt av krinsen.
Eigenbetalinga pr deltakar blir kr 800,-.
Bindande påmelding til abergset64@gmail.com, eventuelt på 90666870, seinast 26.04.2015 kl 2400.
Dersom nokon kan stille på som sjåfør, skriv det i påmeldinga.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026