Ungdoms-OL i Liberec:
Postet av Markane IL den 16. Feb 2011
OL-sølv til Johannes Thingnes Bø
-trass fall og stavbrot!

Johannes Thingnes Bø stod for nok ein strålande skiskyttarprestasjon då han tok sølvmedalje på normaldistansen under ungdoms OL i Librec.
Løpet var ikkje utan dramatikk. Under dei vanskelege skyteforholda pådrog Johannes seg fem strafferundar på dei fire skytingane. Og då ein italiensk løpar skulle passerast i sporet førte dette til eit fall og eit stavbrot. Sjølv om Johannes måtte gå omlag 200 meter med ein stav, tapte han ikkje så mykje tid på fallet og kom i mål til ein fantastisk sølvmedalje. Vinnar av løpet vart Matthias Dorfer, Tyskland som var 1 min 20 sekund føre Johannes i mål. Roman Rees, Tyskland, tok bronse.
Vi gratulerer med sølvet!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Resultatliste frå cuprenn 5 i klassisk stil
25.02.2026
12.plass på fellestarten i OL
22.02.2026
Alle Med Familiedag på Ullsheim
18.02.2026