Byrkjelo 03.07.2011:

Postet av Markane IL den 10. Jul 2011

Sterke friidrettsprestasjonar under Sparebankleikane.

60 meter feltet under Sparebankleikane. Foto: Fjellhug/Vereide IL

Sparebankleikane 2011 vart arrangert på Byrkjelo 2. og 3. juli.

Stemnet samla heile 225 deltakarar og det vart levert mange sterke prestasjonar. I resultatlista er det mange kjende namn frå både Stryn og Hornindal, men berre ein utøvar representerte Markane IL denne gongen.

Simon Hjelmeset Kirkeeide deltok i 11-års klassa både i 60 meter hekk og på 600 meter. På 60 meter hekk vart det ein sjuande plass med tida 12,87. Vinnar av klassa vart Ivar Saunes Moldskred frå Dimna IL på tida 11,01.

I klassa G-11 600 meter vart det ein femteplass til Simon Hjelmeset Kirkeeide på tida 2.07,01. Vinnar her vart  Nicolai Laberg frå Jotun IL på tida 1.52,6.

For dei som er interessert i dei øvrige resultata ligg resultatlista for laurdag her medan resultata frå konkurransane søndag ligg her.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.