SSF-cup 2012:
Postet av Markane IL den 28. mar 2012
-Simon Hjelmeset Kirkeeide vinnar av SSF-cup samanlagt
Simon Hjelmeset Kirkeeide vann årets SSF-cup for klassa gutar 12 år. For å telje med i samandraget, må ein løpar ha delteke på minst 4 av dei 9 renna. Dei fire beste resultata vert teljande når samanlagtpoenga skal reknast ut. Simon oppnådde 4 førsteplassar og ein andreplass i dei fem renna han deltok i. Dermed vart dei fire førsteplassane teljande, og han fekk dermed den høgste oppnålege poengsummen i samandraget, 104 poeng. Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide følgde på andreplass med 96 poeng.
Mange løparar frå Markane deltok på minst eit renn i årets SSF-cup, men mangla ei deltaking eller to på å telje med i samandraget.
Samanlagtresultat SFF-cup 2012
Vi gratulerer med samanlagtsigeren!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026