Åheim 01.05.2012:
Postet av Markane IL den 6. mai 2012
Stor deltaking i 1.mai-løpet på Åheim!

Klassa for gutar 12 i fint driv under 1.mai-løpet på Åheim. Foto: Åheim IL
1.mai-løpet vart arrangert for 53. gong av Åheim IL. Det var god deltaking, og inkludert dei yngste rekruttklassane var nærare 200 løparar i aksjon. Løypelengda varierte frå 230m for dei yngste til 3 km i seniorklassane.
Markane IL hadde fem deltakarar med i årets løp. I rekruttklassane deltok Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i jenter 7 år og Maren Hjelmeset Kirkeeide i klassa for jenter 9 år. Dei tre andre markaneløparane konkurrerte alle i klassa gutar 12 år som var den største klassa under løpet. Det vart svært jamnt i mål. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom i mål til ein fin andreplass på tida 2 min 45. Han var berre 1 sekund bak klassevinnar Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide. Marius Heggdal Olsen vart nummer fem med tida 2 min 51 og Eskil Solheim Kveen nummer sju med tida 3 min 2 sek.
Fullstendig resultatliste er lagt ut nedanfor.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026