Kategori
Byrkjelo 01.07.2012:
Postet av Markane IL den 4. Jul 2012
4.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide under Sparebankleikane
Sparebankleikane 2012 i friidrett vart arrangert på Byrkjelo i helga 29.juni-1.juli. Det var god deltaking i mange av øvingane, men berre ein deltakar frå Markane IL denne gongen. Simon Hjelmeset Kirkeeide deltok på 600 meter i klassa for gutar 12 år. Han kom i mål til ein fin 4.plass. Vinnar av klassa blei Magnar Lødemel som her stilte for Hornindal IL. Resultatlista frå søndag er lagt ut nedanfor. Dei som er interesserte i meir nytt frå Sparebankleikane 2012, finn dette på heimesida til arrangøren.
Resultatliste Sparebankleikane 01.07.2012
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.