Frå arkivet:
Postet av Markane IL den 17. jul 2012
Lagsbladet "Bodstikka" 1990-2008

I 1990 vart lagsbladet "Bodstikka" starta. Bladet kom ut fram til 2008. I dei første åra med 10-12 nummer kvart år. Dei seinaste åra med færre nummer etterkvart som heimeside og epost tok over ein del av kontaka med medlemmane.
På årsmøtet i 2011 vart bladet formelt lagt ned. Det vart samtidig bestemt at bladet skulle gjerast tilgjengeleg for medlemmane via heimesida.
I startåret 1990 kom det ut 10 nummer. Desse er no lagde ut. Lenkje finn du nedanfor. "Bodstikka" har også fått eit eige punkt i venstremenyen. I året 1990 var det blant anna NM i skifeltskyting på Ullsheim, fylkeskulturstyret innstilte Ullsheim som Fylkesanlegg for langrenn og skiskyting og Markane IL sin logo stammar også frå dette året.
Fleire årgongar vert publiserte etterkvart.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026