Sjusjøen 6.1.2013
Postet av Markane IL den 7. jan 2013
Resultat frå jaktstarten i Norgescupen

Norgescuphelga på Sjusjøen heldt i dag fram med jaktstart med utgongspunkt i sprinten i går. Ingen av løparane frå Markane IL hevda seg heilt opp i medaljekampen denne gongen. Det vart likevel ein flott dag for Team Statkraft Nordfjord med siger til Isak Flo Bødal frå Stårheim IL i klasse menn 18 år. Lars Midthjell Gjørven låg på sjetteplass etter gårsdagen, men sju bom i dag vart i meste laget. Dermed vart det ein 12.plass til Lars på jaktstarten.
Best plassering i dag av våre løparar vart det til Johan Eirik Meland som vart nummer ni i klassa for menn 19 år. Han skaut fullt på dei to liggande seriane, men måtte tåle tre rundar på ståandeseriane. Fredrick Mack Rørvik, Målselvs skiskyttere NTG-G, vann klassa. Han var 1 min 7 sek føre Johan Eirik i mål.
I klassa for menn 17 år vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 52 etter sju bom totalt. Brage Malm Momstad frå Lier NTG-G vart klassevinnar. I klassa for menn 20-21 år gjekk Jarle Midthjell Gjørven seg opp til ein 24. plass sjølv om han skaut på seg fem rundar i løpet av jaktstarten.
Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 17 år 6.1.2013
Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart menn 18 år 6.1.2013
Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 19 år 6.1.2013
Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 20-21 år 6.1.2013
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026