Informasjon om parkering og tilkomst til Ullsheim!
Postet av Markane IL den 8. Mar 2023

Parkering på Ullsheim under NM og NC er kr 50,- pr. dag, totalt kr 150,- for helga. Betales til VIPPS 107507.
For å få parkeringa til å flyte på konkurransedagene oppfordrar vi alle til å betale parkering for heile helga på treningsdagen.
Det er ulike soner for parkeringa, sjå kart:
Ha kvittering på Vipps klar ved blått felt/ Vippssjekk.
Utøvarar følgjer grøne piler til stadion. Publikum følgjer gule piler.
Tilkomst til anlegget :
Frå Stryn sentrum: I rundkøyringa ved Esso, følg skilt mot Nordfjordeid/ Måløy i ca 10 km.
Ta til høgre og følg skilt mot Ullsheim.
Frå Nordfjordeid / Hornindal: Køyr mot Stryn på RV 15, vidare innover i ca 6,2 km fra Kjøs bru.
Innkøyring til venstre på Isbakken. Vi anbefaler einvegskøyring her frå og retur over Maurset til Sindre.
Vi gjer merksam på at det ikkje er tvungen enveiskjøring
dvs. det kan vere møtande trafikk både til og frå Ullsheim.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026
Resultatliste frå sesongens 7.cuprenn
10.03.2026
Resultatliste for cuprenn nr 6 skicross
10.03.2026