Maren Hjelmeset Kirkeeide vann jaktstarten i IBU-cupen!!
Postet av Markane IL den 18. Des 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok sin første siger i IBU-cupen då ho spurtslo italienske Federica Sanflippo under jaktstarten i Ridnaun - Val Ridanna.
Maren fekk ein sterk 6.plass på sprinten torsdag. Ho starta dermed berre 24 sekund etter sprintvinnaren Federica Sanflippo frå Italia på jaktstarten.
Maren imponerte med tre fulle hus på dei tre første skytingane. På den siste serien vart det ein bom, men det vart det også på Sanflippo. Dermed var det heilt jamt ut på siste runden. Inn på oppløpet var det heilt likt, men Maren avslutta flott og sikra seg sin første siger i IBU-cupen med 0,2 sekunds margin!
Vi gratulerer med ein fantastisk presentasjon!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026
Resultatliste frå sesongens 7.cuprenn
10.03.2026
Resultatliste for cuprenn nr 6 skicross
10.03.2026