Kråkenesmarka 30.07.2014:
Postet av Markane IL den 30. Jul 2014
2.plass til Dag-Arne Eide i Fjord-O Vest
Fjord-O Vest er i gong. Det første av løpa gjekk i Kråkenesmarka som ligg omlag ei mil vest for Førde. I alt 683 orienterarar frå heile landet stilte til start.
Frå Markane IL var berre ein deltakar på start, nemleg Dag-Arne Eide. Han gjorde det svært så bra. I mål vart det ein flott andreplass i klasse H55 etter at den 4,7 km lange løypa vart fullført på 46 min 55 sek. Klassevinnar vart Torgeir Strandhagen frå Røyken IL med tida 45 min 25 sek. Tredjeplassen gjekk til Trond Rønneberg frå Asker Skiklubb som var i mål etter 47 min 18 sek.
Fjord-O Vest held fram alt i morgon med det andre av dei totalt fire løpa. Då går løpet på Værlandet. Meir om Fjord-O Vest er å finne på heimesida deira her.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024