Pokljuka 21.12.2014:
Postet av Markane IL den 21. Des 2014
6. plass til Tarjei Bø på fellesstarten
Tarjei Bø gjekk inn til sjetteplass og vart best av dei norske på fellesstarten i Pokljuka. Foto: NRK
Tarjei Bø viste god form då han gjekk inn til sjetteplass på fellesstarten. Tarjei hadde kontakt med teten inn til tredje skyting. Her kom dagens einaste bomskot. Dermed vart det litt for langt fram til ein pallplass sjølv med ein god avslutning. I mål var Tarjei 20 sek etter Anton Shipulin frå Russland som vann. Martin Fourcade kom på andreplass og Simon Eder på tredjeplass.
Johannes Thingnes Bø skaut på seg totalt sju strafferundar og enda på ein 23. plass.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024