Harpefossen 04.02-05.02.2012
Postet av Markane IL den 7. Feb 2012
Stor deltaking og god innsats i krinsrenna på Harpefossen.
Grim Nygård var ein av deltakarane i krinsrenna på Harpefossen. Foto frå Holmenkollen tidlegare i sesongen v/John Roger Meland
Krinsrenna på Harpefossen samla svært god deltaking av unge skiskyttarar. Over 100 løparar var i aksjon både på sprinten laurdag og under fellesstarten søndag. Fellesstarten inngjekk også i årets krinscup. Av løparane som deltok representerte nærare 20 Markane IL. Det var krevjande skyteforhold, men fine løyper og gode konkurransar der også fleire av juniorane deltok sidan det ikkje var Norgescuprenn denne helga.
Mange løparar leverte gode løp både i spor og på standplass. Magnus Midthjell Gjørven vann klassen for gutar 11 år begge dagar, medan Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 1.plass på sprinten og 2.plass på fellesstarten i klassen for gutar 12 år. Liv Rigmor Netland oppnådde dei same plasseringane i jenter 11 år.
Også i dei andre klassene var det mange løparar frå Markane som kom heilt i toppen av sine klassar. At rekrutteringa er god viser også igjen ved at det stadig dukkar opp nye namn på listene. Fullstendige lister frå helgas renn finn du nedanfor.
Resultatliste krinsrenn Harpefossen sprint 04.02.2012
Resultatliste krinsrenn Harpefossen fellesstart 05.02.2012
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024