Nordfjord fritidssenter 28.3.2013:
Postet av Markane IL den 29. Mar 2013
Resultat frå Nakkjen Ned 2013
Tradisjonen tru arrangerte IL Veten "Nakkjen ned" på skjæretorsdag. Nakkjen Ned går frå toppen av Bergsetnakkjen (1133 m.o.h.) og ned til Nordfjord Fritidssenter (550 m.o.h.). Konkurransen var delt i tre forskjellege greiner: telemark, open/randone og snøfjøl. Det var også mogleg å delta i kjelkekonkurranse eller i den lettare varianten Mini Nakkjen ned.
Berre ein markar våga å setje utfor i år. Martin Lødemel deltok i open/randone klasse menn 17-40 år. Han kom på ein 12. plass, 59.8 sek etter klassevinnar Geir Olav Roset som fullførte løpet på 5 min 3.0 sek. Totalvinnar i open/randone vart Mathias Hagen. Han fekk tida 5 min 2.9 sek og vann dermed med eit tidels sekunds margin. Vinnar i dameklassa vart Kristi Bergset.
Telemarksklassane vart vunne av Øyvind Vagstad og Monica Beate Myklebust medan Tormod Fjellvang var raskast i snøfjølkonkurransen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024