Kategori
Sogndal 25.-26.08.2012:
Postet av Markane IL den 31. Aug 2012
Resultat frå KM mellom- og langdistanse i orientering.
KM orientering mellom- og langdistanse vart arrangert i Sogndal 25. og 26. august. Deltakartalet var nokså moderat med høvesvis 22 og 13 løparar på startstrek. Dessverre var det ingen orienterarar får Markane IL på startstreken denne gongen.
På mellomdistansen gjekk KM-titlane i D17 til Anna Karin Clarin frå Sogndal IL og i H17 til Robert Tellvik også frå Sogndal IL. Anders Bergset frå IL Veten kom her på andreplass. Elias Bergset frå IL Veten vann H10-12.
På langdistansen vart det siger til Anne Marie Aas, Sogndal IL i D19 og til Asbjørn Klakegg Forland, Breimsbygda IL i H19. Dei som interesserte i øvrige resultat finn desse i resultatlistene nedanfor.
Neste krinsløp er "Haustbløyta" søndag 2.september. Då forhåpentleg vis også med løparar frå Markane på startstreken.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.