Kategori
Barneidrettsskulen 03.05.2011:
Postet av Markane IL den 8. Mai 2011
Sesongavslutning for årets barneidrettsskule
-orienteringsløp og premieutdeling avrunda sesongen.
Barneidrettsskulen hadde sesongavslutning tysdag 3.mai på leikeplassen i Tonningsbakkane. Siste kvelden var det innføring i orienteringssporten som stod på programmet. Det vart ei kjekk samling i samarbeid med orienteringsgruppa i Markane IL. Borna fekk prøve seg både på ei løype i skogen og rakettløype nær leikeplassen. Etterpå vart det servert både pølser og frukt til alle som deltok.
Kvelden vart avslutta med premieutdeling for barneidrettsskulesesongen 2010/2011.
Alle borna som har delteke på årets barneidrettsskule, fekk kvar sin
personlege premie - eit krus med eige bilde på (teke frå ein av aktivitetane i år). 25 born var tilstades og mottok premien sin. Foto frå kveldens premieutdeling ser du nedanfor. Ved å klikke på bileta kan du sjå på dei i full storleik!
Fleire foto frå avslutningskvelden finn du under les heile saka.
Barneidrettsskulen takkar alle for eit flott aktivitetsår!
Vel møtt igjen til hausten!
Fleire foto frå avslutningskvelden:
Små og store følgjer godt med når orienteringsgruppa instruerer om korleis kartet skal brukast:
To ferske orienteringsløparar...
...og endå tre nye deltakarar i orienteringssporten.
Både store og små må studere kartet for å finne fram:
Etter fullført løp er det godt med pølse og frukt.
Takk for i år og velkomne tilbake til hausten!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.