Kategori
Ullsheim 15.2.2014:
Postet av Markane IL den 15. Feb 2014
Andre Haugsbø og Karoline Holsen Kyte vinnarar av Tverrfjelldilten.
Vinnarane av Tverrfjelldilten 2014: Karoline Holsen Kyte frå Førde IL og Andre Haugsbø frå Gaular IL. Foto: Margunn Hjelmeset
70 løparar, dei fleste frå Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal, stilte til start då Tverrfjelldilten vart arrangert for andre gong. Også i år var Tverrfjelldilten det einaste godkjende seedingrennet i Sogn og Fjordane. Løypa var noko omlagd frå i fjor med mindre samanhengande stigning. Det 40 km lange løpet gjekk også i år over to rundar på 20 km kvar.
Årets vinnarar av Tverrfjeldilten vart Andre Haugbø frå Gaular IL (M21-35) på tida 1t 56 min 22 sek og Karoline Holsen Kyte frå Førde IL (K21-35) på 2t 27 min 6 sek. Beste tida i både herre- og dameklassa var raskare i år enn i fjor, men tidene er ikkje heilt samanlignbare sidan løypa var noko annaleis.
I herreklassa kom klassevinnaren i M 41-45 Roger Lillestøl frå Hornindal IL, på ein andreplass totalt med 2t 4 min 1 sek. Cato Ryste frå Volda IL (M41-45) kom på tredjeplass totalt med 2 t 11 min 30. Nest beste dame vart klassevinnaren i K46-50, Britt Brekke frå Ørsta IL som var i mål etter 2 t 45 min 52 sek. Like bak følgde Eline Fannemel (K21-35) på 2 t 46 min 22 sek.
Fotoserie frå dagens løp er lagt ut nedanfor. Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset.
Resultatliste for Tverrfjelldilten 15.2.2014
Klar til start.
I fremste rekkje: Asbjørn Mandeli Årdal, Andre Haugsbø og Roger Lillestøl.
Andre Haugsbø og Roger Lillestøl i føringa i kvart sitt spor.
Yvonne Skogli frå Heggjebygda IL og Jan Kristensen frå Hornindal IL.
Marianne Langeland, Irene Rødseth og Ivar Ulvedal.
Vinnaren Andre Haugsbø mot mål.
Anders Kristensen frå Hornindal IL
Duell mellom Arild Eiken frå Brattvåg IL og Eivind Senneset frå Eikefjord IL.
Arne Odd Løkkebø frå Eikefjord IL gjekk inn til tredjeplass i klasse M46-50.
Asgeir Mandelid Årdal frå Jølster IL gjekk inn til andreplass i klasse M36-40
Anita Pettersen Almskår og Therese Dispen serverte suppe.
Eline Fannemel vart nummer to i K21-35.
Lars Andreas Hoel frå Valldal IL kom på fjerdeplass i M21-35
Sigbjørn Fænn frå Markane IL vart nummer fire i klasse M41-45
Roger Lillestøl var nest raskast i løpet totalt sett og vann klasse M41-45.
Randi Tenden serverer suppe i målområdet.
Andre Haugsbø frå Gaular IL var raskaste løpar. Han var i mål på 1 t 56 min 22 sek.
Karoline Holsen Kyte var raskaste dame. Ho kom i mål på 2 t 27 min 6 sek
Finn Årdal frå Jølster IL hadde fått deltaking i Tverrfjelldilten som gåve og gjekk med heilt unikt startnummer.
I mål til fjerdeplass i klasse M51-55.
Finn Årdal har fått Tverrfjelldilten-medaljen for vel gjennomført løp.
Jan Arve Solheim frå Eikefjord IL vann klasse M51-55
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.