SAMAN FOR EIN REIN IDRETT TORSDAG 29.JANUAR
Postet av Markane IL den 14. Jan 2026

I samarbeid med Antidoping Norge vert det invitert til føredrag på Stryn vidaregåande skule tosdag 29.januar kl.1700 om korleis ein saman byggjer eit reint treningsmiljø. Vi oppmodar alle aktive frå 15 år og oppover samt foreldre, trenarar med fleire frå Markane IL om å melde seg på
Link: Påmelding til foredrag
Vel møtt!
Resultatliste frå cuprenn nr 2 i fri teknikk 13.01.2026
Postet av Markane IL den 13. Jan 2026

Tysdag 13.januar vart det andre cuprennet for sesongen arrangert. I alt 50 deltakarar stilte opp i rennet som gjekk i fri teknikk. Neste renn i årets cup er 27.januar
. Her er resultata frå rennet:
Resultatliste for cuprenn nr 2 i fri teknikk Dato: 13.01.2026
Resultatliste for SSF-cup sprint Ullsheim 04.01.2026
Postet av Markane IL den 4. Jan 2026

I alt 78 deltakarar var i sving då det vart arrangert SSF-cup i sprint i fri teknikk på Ullsheim. Dei yngste løparane opp til og med 10 år gjekk kort prolog på 500 meter. 11 og 12-årsklassane gjekk i tillegg eit heat medan klassane frå 13 år og oppover gjekk to heat i tillegg til prologen. Plassiffer frå alle tre rundane vart brukt til å bestemme plassering samanlagt.
Resultatliste for SSF cup Ullsrennet/KM fri teknikk 03.01.2026
Postet av Markane IL den 3. Jan 2026

Her er resultatlista frå SSF cup Ullsrennet i fri teknikk laurdag 3.januar. Rennet var også KM i fri teknikk for klassene frå 13 år og oppoverr. I KM tel berre deltakarar frå eigen krins.
Innbyding til Ullsrennet friteknikk og sprint 3. og 4.januar 2026
Postet av Markane IL den 30. Des 2025

Laurdag 3.januar er det klart for det tradisjonelle Ullsrennet. Rennet går i fri teknikk. På søndag 4.januar skal det vere sprint i fri teknikk. Påmelding innan torsdag 1.januar kl.2359 på arrangementet på iSonen https://isonen.no/event/cmirau335009kel014od6u6qd/
Meir info:
Laurdag 3.januar er det klart for det tradisjonelle Ullsrennet i fri teknikk. Dei yngste (til og med 10 år) går 1 km i fri teknikk. Informasjon om klassar og distansar finn du på arrangementet i iSonen
Rennstart kl. 1200
Løypekart Ullsrennet fri teknikk 2026
Laurdag 4.januar er det klart for sprint i fri teknikk for klassene frå 11 år og oppover. Alle går vidare til konkurransar i heat uavhengig av plassering i prologen.
For dei yngste klassane (til og med 10 år) vert det vanleg langrenn i fri teknikk.
Start kl. 1200
Pr. 3.januar er dette det FØREBELSE oppsettet på sprinten. Endringar kan kome:
Oppsett over sprint 4.januar 2026
NB! Dei eldste klassane går ut først i prologen
Kafeen vert open så alle kan kome inn for ein matbit og få varme i kroppen etter ein tur i løypa, både deltakarar og tilskodarar!
Vi er sjølvsagt avhengige av snø for å få i hamn arrangementa, men pr i dag (30.12) ser det lovande ut.
Velkomne til Ullsheim!