2.plass på normaldistansen i Östersund

Postet av Markane IL den 11. Des 2016

Johannes Th Bø.jpg

Det vart pallplass til Johannes Thingnes Bø på det første individuelle rennet i verdscupen i Östersund då han gjekk inn til ein andreplass på normaldistansen. På sprinten og jaktstarten same helga gjekk det ikkje like bra med ein 30. og 10.plass.

På normaldistansen leverte Johannes feilfri skyting tre gongar på rad, men på den siste skytinga kom det to bom og dermed to tilleggsminutt. Dermed vart det andreplass 16 sek etter franske Martin Fourcade som også hadde to tilleggsminutt.

Tredjeplassen gjekk til kviterussaren Cheplin medan Lars Helge Birkeland og Ole Einar Bjørndalen kom på 4. og 5. plass.

På sprinten laurdag 3.desember vart det også to bom på Johannes. Når heller ikkje farten i sporet var heilt på topp, vart det til slutt ein 30.plass 1 min 33sek etter vinnaren Fourcade. På jaktstarten søndag gjekk det mykje raskare i løypa og mange plassar opp på lista sjølv om det vart fire bom. I mål vart det ein 10.plass, 1 min 7 sekund etter vinnaren Babikov frå Russland.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.