Skogstjerna 04.06.2014:

Postet av Markane IL den 4. Jun 2014

Arve Rindal og Merete Helgheim til topps i Postvegløpet

Deltakarar i G13-15 i Postvegløpet 2014. Foto: Klemet Bø

Deltakarar i klasse G13-15 i Postvegløpet 2014. Daniel Auflem Eikås frå Stryn T&IL, Martin Aaland frå Hardbagg IL, Sigurd Fotland Fænn frå Markane IL, Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL, Rasmus Tvinnereim frå Hardbagg IL og Magnus Midthjell Gjørven frå Markane IL. Foto: Klemet Bø

I alt 147 løparar stilte opp i  Postvegløpet 2014. Det vart dermed tangering av deltakarrekorden frå i fjor. 54 deltakarar stilte i konkurranseklassa og 93 i trimklassa.

Vinnarar av årets løp vart Arve Rindal i herreklassen og Merete Helgheim i dameklasse. Arve Rindal frå Eid IL fullførte dei seks kilometerane på 22 min 11 sek og var dermed berre 29 sek bak Helge Hafsås løyperekord  frå 2004 på 21 min 42 sek. Nest raskast tid i år hadde Isak Bergset frå NTNUI med 22 min 34 medan fjorårsvinnar Johan Eirik Meland frå Markane IL vart nummer tre med 23 min 27sek. Alle desse deltok i klassa M19-34.

I dameklassa fekk Merete Helgheim frå GFIL (K19-34) beste tid med 25 min 41 sek. Ingrid Hjelle Roset frå GFIL (K16-18) vart nummer to med tida 30 min 1 sek og Ann-Kristin Grodås frå Markane (K19-34) fekk tredje beste tid med 32 min 29 sek.

I alt 17 frå Markane stilte opp i konkurranseklassane i år. Det vart ingen klassesigrar dene gongen, men mange fine plasseringar. I yngste klasse opptil 15 år vart det andreplass til Simon Hjelmeset Kirkeeide med 25,03. Han var 14 sek bak klassevinnar Youri van der Werve frå Hornindal. I same klasse vart Sigurd Fotland Fænn nr 6, Aksel Mathias Meland nr 7, Magnus Midthjell Gjørven nr 14 og Nikolai Dispen Lødemel nr 15.

I klasse G16-18 vart det andreplass til Gaute Bø med tida 25,57. Vinnar av klassa vart Erlend Bakken frå IL Veten med 24, 31.  Håkon Midthjell Gjørven vart nr 4 og Georg Kristian Halsteinslid nr 5.

I klasse M19-34 vart Johan Eirik Meland som tidlegare nemnd, nr 3 både i klassa og løpet totalt med 23,27. Her følgde Anders Vonheim på fjerdeplass, Rasmus Endre Bø vart nummer fem og Helge Kroken nummer sju.

I klasse MV35-49 vart Sigbjørn Fænn nummer to med tida 25,05 og Svein Arne Lødemel nr tre 25,44. Endre Håberg kom på femteplass. Helge Hafsås frå Olden IL vann klassen på 24,22. I klasse MV50-59 vart det tredjeplass til Kåre Bøe med 27,10. Klassen vart vunnen av Odd Arne Kolseth frå GFIL på 25,33.

Resultatlista finn du nedanfor: 

Resultatliste for Postvegløpet 4.6.2014 -oppdatert 6.6.2014

Uttrekkspremiar på startnummer i Postvegløpet 2014

Startfeltet i Postvegløpet 2014. Foto Klemet Bø

Startfeltet i Postvegløpet 2014. Foto: Klemet Bø

Her ligg også fotoserie på Fjordingen si heimeside her.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.