Steinkjer 21.9.2014:

Postet av Markane IL den 21. Sep 2014

Ny sølvmedalje i NM-rulleskiskyting til Tarjei Bø!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

For andre dag på rad vart det NM-sølv til Tarjei Bø (t.h). Johannes Thingnes Bø kom på 10. plass. Foto: Fjordingen

For andre dag på rad vart det NM-sølv til Tarjei Bø. Han sikra seg i dag sølvet under jaktstarten i NM rulleskiskyting. Tarjei starta godt med fulle hus på dei to første skytingane. Han var med det i leiinga ut frå andre skyting. På den tredje skytinga kom det tre strafferundar medan det på siste skyting vart det to strafferundar. Dermed vart det til slutt sølv 2 min 1sek bak vinnaren Lars Helge Birkeland frå Birkenes som berre fekk ein bom totalt. Emil Hegle Svendsen vart nummer tre. Han hadde totalt fire rundar og var 2 min 17 bak i mål.

Johannes Thingnes Bø hadde ikkje heilt dagen på standplass. Med skyteseriane 2-1-2-3 vart det tilslutt ein 10.plass med 4 min 29 sek opp til vinnaren. Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg opp åtte plassar og enda med det på ein 19. plass. Han fekk skyteseriane 0-0-1-2 og var tilslutt 6 min 18 sek etter vinnaren i mål.

Johan Eirik Meland var også i dag nr 15 i klasse M20-21. Med skyteseriane 1-2-1-2 vart han tilslutt 3 min 11 sek bak klassevinnaren Martin Femsteinevik frå Hålandsdalen. I klasse M19 gjekk Georg Kristian Halsteinslid seg opp fem plassar til ein 25. plass. Med skyteseriane 2-2-0-2 var han 7 min 11 sek etter vinnaren Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL som hadde fire rundar totalt.

I klasse M18 vart Gaute Bø nr 34 også på jaktstarten med seriane 1-3-2-3. Klassevinnar vart Johannes Dale frå Fet SK med tre rundar totalt. I klasse M17 gjekk Grim Nygård seg fram fire plassar og vart nummer 36 med seriane 0-0-3-2. Også Andreas Halsteinslid gjekk seg fram fire plassar til 37.plass med 3-1-2-3. Håkon Midthjell Gjørven sto over jaktstarten.

Resultatliste NM rulleskiskyting jaktstart 21.9.2014


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.