Kategori
Tua 23.1.2015:
Postet av Markane IL den 24. Jan 2015
Simon Hjelmeset Kirkeeide KM-vinnar i fri teknikk
Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM fri teknikk for klasse G15. Foto: Margunn Hjelmeset (Tuarennet 2013)
Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i KM fri teknikk for klasse G15 på Tua i dag. Han fullførte dei fem kilometerane på 11 min 31 sek. Med det vann han klassa suverent, heile 1 min 12 sek før nummer to som vart Kent Ove Sæten frå Hyen. Eskil Hov frå Kaupanger tok tredjeplassen, 1 min 30 sek etter vinnaren.
KM gjeld for klassane frå 13 år og oppover, men også i dei yngre klassane var det god innsats av markaneløparar. I klasse J12 vart det dobbelsiger til Emilie Flo Stavik på førsteplass og Maren Hjelmeset Kirkeeide på andreplass.
I dei urangerte klassane leverte Torje Seljeset god innsats i klasse G10 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i klasse J10.
I morgon vert det KM sprint fri teknikk. KM helga vert avslutta med klassiskrenn på søndag.
Resultatliste for KM fri teknikk Dato:23.1.2015 Arrangør: Eid IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.