Sirdal 27.3.2015:

Postet av Markane IL den 27. Mar 2015

 Johan Eirik Meland beste MIL-løpar på NM-sprinten

Johan Eirik Meland. Foto:  TSN, 2014

Johan Eirik Meland kom på 47. plass i NM senior sprint. Foto: TSN

Johan Eirik Meland fekk best plassering av deltakarane frå Markane på sprinten i NM skiskyting senior med ein 47. plass. Med ein bom på den ståande skytinga var han 2 min 53 sek etter gullvinnaren Bjarte Solvang frå Hålandsdalen. NM-sølvet gjekk til Fredrik Gjesbakk frå Bossmo og Ytteren IL medan Lars Gunnar Skjevdal frå Røros to bronse.

Georg Halsteinslid skaut to fulle hus og gjekk inn til ein fin 63.plass i konkurranse med seniorane. Han var 3 min 14 sek etter vinnaren. Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 70 med totalt tre strafferundar, 3 min 22 sek etter vinnaren. Håkon Midthjell Gjørven fekk også tre bom på standplass og gjekk med det inn til 159.plass.

Verken Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø stilte til start. Johannes er forkjøla og står over NM medan Tarjei ikkje nådde fram til NM i tide på grunn av snøkaos på Austlandet. P.g.a. at fleire ikkje nådde dagens NM-start, vert programmet endra slik at det vert fellesstart i staden for jaktstart i morgon.

Jarle Midthjell Gjørven var den einaste frå MIL som også deltok på NM normaldistanse på onsdag. Her vart det ein 50. plass med totalt to tilleggsminutt. NM-vinnar her vart Eirik Fosli frå Fossum IF.

Resultatliste NM sprint skiskyting menn Sirdal 27.3.2015

Resultatliste-for NM normaldistanse menn Sirdal 25.3.2015.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.