TURORIENTERING FOR BARN OG VAKSNE FRÅ 25.JUNI TIL 15. OKTOBER

Postet av Markane IL den 4. Jul 2008

I år er turorienteringa vest for Tonningssetra og i området Øvrebergsetra-Holsetra. Det er tilbod for både barn og vaksne. Det er hengt ut 16 postar tilpassa barneturorientering. Mange av desse er godt synlege frå stiar og vegar. For dei som har litt erfaring med o-sporten er det hengt ut ti postar. Postane heng der og du kan velje tidspunkt og tempo som passar. Om du sender inn klippekort kan du opnå merke i bronse, sølv eller gull. Her er info om pris, salsstadar og meir.. God tur!

 

Turorienteringskonvoluttane får du kjøpt desse stadane i Stryn:

Esso, Ytre-Eide Sport 1 og G-sport.

Den inneheld kartet "Tverrfjellet" med alle postane på og to klippekort, eit for dei lettaste postane og eit for dei andre. Der er òg eit infoskriv.

Pris kr. 100 for konvolutt, ekstra kart er kr. 20 og ekstra klippekort er kr. 10.

Treng de meir informasjon, ta kontakt med O-gruppa i Markane IL ved turorienteringskontakt Bjørg Heimlid. tlf 57 87 64 66 (privat) eller 977 86 682 (mobil). 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.