Skiposten 2009

Postet av Markane IL den 30. Jan 2009

Startar opp i veke 5. 

Skiposten 2009 kart


Skiposten er eit tilbod til barn og unge opp til og med 15 år. Kvar veke fram til påske blir det hengt ut ein ny post i turløypene til Skiturlaget Ullsheim-Stryn. På postane heng det ei klippetang som deltakarane brukar til å klippe i kortet sitt. Klippekortet klipper du ut frå framsida av dette informasjonsarket.

Postane
Kartet på framsida viser kvar postane blir hengt ut. Kvar post heng ute i to veker. Om deltakaren ikkje får med seg ein post den veka den blir hengt ut kan ein få med seg posten veka etter, men då heng det samtidig ute ein ny post å besøke.

Når påska er over og det ikkje blir hengt ut fleire postar sender deltakarane kortet til skigruppa i Markane IL ved Per Jakob Kyrkjeeide, 6783 Stryn. Innsendingsfrist for å vere med i trekninga av premiar er tysdag 14. april.

Deltaking
Det er gratis å vere med som deltakar av Skiposten og heller ingen krav om medlemskap i noko idrettslag. Alle unge som vil kan vere med, men vi oppfordrar alle brukarar av turløypene om å kjøpe årskort i Skiturlaget Ullsheim-Stryn.

Premiar
Alle som leverer inn klippekort med besøk på 4 postar eller er med i trekninga av 6 gåvekort hjå Ytre-Eide Sport AS til samla verdi av kroner 1500,-.

Arrangør
Skiposten er eit samarbeid mellom Skigruppa i Markane IL, Turløyper Stryn AS og Sport 1 Ytre-Eide Sport AS.


Vi ønskjer alle GOD TUR!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.