FANTASTISK NM !

Postet av Markane IL den 13. Sep 2010

4 GULL OG 3 SØLV TIL MARKANE IL ETTER SOMMAR-NM I SIRDAL !!!

Makan til medaljefangst skal ein leite lenge etter.  På sprinten laurdag tok Tarjei sølv, 14 sek. bak Bjørndalen.  Johannes tok gull med 59 sek, og Johan Eirik avslutta dagen med gull med 8 sek. margin. Jarle gjekk inn til 8. plass.  Runar hadde og eit flott løp på sprinten med 12. plass.  Med 4 bomskot viser det at farten i løypa var stor.

På jaktstarten vart det litt meir bom, men Tarjei beheldt sølvet med god margin, og Johannes hadde endå større margin ned til sølvplassen.  Johan Eirik tok ein like suveren siger i si klasse.  Og Jarle hadde ei fantastisk jaktstart frå 8. plass til sølv.

Det kan bli lenge til ei liknande jubelhelg for Markane IL


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.