Meråker 18.09.2011:

Postet av Markane IL den 19. Sep 2011

Gull, sølv og bronse på jaktstartane i NM rulleskiskyting!

Johannes og Jarle under NM i Meråker. Foto: John Roger Meland

Gull til Johannes Thingnes Bø og sølv til Jarle Midthjell Gjørven under jaktstarten i NM rulleski. Foto: John Roger Meland

Johannes Thingnes Bø og Jarle Midthjell Gjørven følgde opp innsatsen på sprinten i går og sikra seg gull og sølv også på dagens jaktstart i klasse menn 19 år! Tarjei Bø gjekk seg opp frå gårsdagens sjetteplass til bronse på jaktstarten i menn senior. Dermed sikra løparar frå Markane IL både gull, sølv og bronse på ein dag! 

Johan Eirik Meland gjorde det også godt på jaktstarten i klassa menn 18 år og avanserte til fjerdeplass. Han var berre 45 sekund etter vinnaren, Simon Ågheim Kalkenberg, Skonseng UL/Team Polarsirkelen ski.

I klassa menn 17 år gjekk Isak Flo Bødal, Stårheim IL /Team Statkraft Nordfjord til topps også i dag. Lars Midthjell Gjørven enda på 13. plass. Runar Netland, Markane IL kom på 23. plass i klassa menn 19 år.

Heile resultatlista frå dagens jaktstart er lagt ut her.

Vi gratulerer med flotte resultat!

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.