Sjusjøen 19.-20.11.2011:

Postet av Markane IL den 22. Nov 2011

20.plass til Tarjei Bø i verdscupopninga.

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen/Fjordingen

Vintersesongen er så smått i gong. Langrennseliten si verdscupsopning vart arrangert på Sjusjøen 19.-20.november. Også mange av skiskyttarane stilte opp saman med langrennsspesialistane. Tarjei Bø kom i mål til 20.plass og var sjette best av dei norske som stilte til start. Han gjekk også tredje etappe på det norske andrelaget i stafett på søndagen. Norge II enda på 7.plass 4,2 sekund etter Norge I som vann.

30.november er det klart for sesongstart for skiskyttarane i Østersund. Då er sjølvsagt fjorårets samanlagtvinnar Tarjei Bø på plass. Det er berre å følgje med!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.