Hochfilzen 10.12.2011:

Postet av Markane IL den 11. Des 2011

Sølv til Tarjei Bø på jaktstarten.

Tarjei Bø, Hochfilzen 10.12.2011. Foto frå NRK

Tarjei Bø tok sølv under jaktstarten i Hochfilzen. Foto frå NRK.

For andre gong denne sesongen kom Tarjei Bø på pallen i eit verdscupløp. Under jaktstarten i Hochfilzen gjekk han seg opp frå sjetteplass til sølvplass etter å ha blitt knepent slegen i spurten av lagkamerat Emil Hegle Svendsen.

Tarjei gjekk seg raskt fram i teten på dagens jaktstart og etter fullt hus på første skyting gjekk han ut på ein tredjeplass. Nytt fullt hus på andre skyting førte Tarjei heilt opp i leiinga. 10 sekund føre russaren Ustyogov. Dagens einaste bom kom på tredje skyting. Dermed overtok Benjamin Weger frå Sveits leiinga 12,2 sekund føre Tarjei Bø. På siste skyting skaut både Tarjei Bø, Emil Hegle Svendsen og Benjamin Weger fulle hus. Dermed vart det hard konkurranse på siste sløyfa inn mot mål. Tarjei kom først inn på oppløpet, men Emil Hegle Svendsen vart for sterk i spurten og vann med ein liten halvmeter.

Etter dagens solide innsats er Tarjei oppe på tredjeplass i den totale verdscupen så langt med 205 poeng. Emil Hegle Svendsen og Carl-Johan Bergman leiar verdscupen så langt, begge med 225 poeng.

I morgon er det klart for årets første skiskyttarstafett i verdscupen og Tarjei Bø skal gå ankeretappen. Stafetten går på NRK 1 frå kl.10.20


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.