Hochfilzen 17.12.2011:

Postet av Markane IL den 22. Des 2011

Tarjei Bø framleis med leiing i verdscupen

-4.plass på dagens jaktstart.

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø tek juleferie som verdscupleiar. Med 4.plass på jaktstarten i Hochfilzen leiar han no verdscupen samanlagt med 308 poeng. Martin Fourcade følgjer på andreplass 19 poeng bak Bø.

Tarjei gjekk først ut på dagens jaktstart etter sigeren på sprinten, men det vart ein bom for mykje til at det heldt til ein ny siger. Andreas Birnbacher, Tyskland vann jaktstarten rett føre Ole Einar Bjørndalen. Simon Fourcade, Frankrike kom på bronseplassen medan Tarjei følgde på 4.plass 30,1 sekund etter vinnaren.

Verdscupen startar opp att i Oberhof, Tyskland 4.-8. januar. Då er det sprint, fellesstart og stafett på programmet.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.