Kategori
Cuprenn 15.01.2013:
Postet av Markane IL den 16. Jan 2013
Stor oppslutning om sesongens første cuprenn.
Thea Dispen Lødemel ut frå start i yngste klassa. I bakgrunnen : Ann Kristin Aaland (nr 73), Elias Dispen Lødemel og Håvard Tonning.
Heile 103 deltakarar frå fleire idrettslag stilte opp då årets første cuprenn vart arrangert på Ullsheim 15. januar. I tillegg til løparar frå Markane IL var her tilreisande frå Hardbagg, Veten, Fjellhug/Vereide, Breim og Hornindal på startstreken. Spesielt i dei yngste klassane var det stor deltaking med 32 deltakarar i klassa til og med åtte år og 22 startande i klasse 9-10 år.
Rennet gjekk i fri teknikk, og var også lagsrenn for Markane IL. I seniorklassane (15 år og oppover) vart det siger til Anders Vonheim i herreklassa og Janne Alsaker i dameklassa. I klassa for 13-14 åringar var Aksel Mathias Meland raskast av gutane og Kari Alsaker blant jentene. I den yngste konkurranseklassa for 11-12 åringar vart det klassesigrar til Oskar Guddal Breivik og Gunn Kristin Tvinnereim. For øvrige resultat viser vi til resultatlista som er lagt ut nedanfor.
NRK var også til stades og gjorde opptak under rennet. Dette skal sendast i samband med skiskyttar-VM så her er det berre å følgje med framover.
Fotoserie frå rennet er lagt ut nedanfor.
Resultatliste cuprenn nr 1. Dato: 15.01.2013 -oppdatert 16.01.2013
Ane Hjelmeset Kirkeeide klar til start.
Kjersti Fløtre Reed ut frå start.
Kornelia Trøsken på veg ut i løypa.
Mari Sofi Meland og Malin Guddal Sunde.
Jesper Svarstad Hole
Oddrun Hjelmeset Kirkeeide
Jon Kristoffer Øvre-Flo og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide får seg frukt og anna godt etter løpet.
Torill Guddal med Aksel Guddal Breivik
Eirik Rauset vert intervjua av Liv Grete Skjelbreid Poiree etter løpet.
Torill Guddal med Aksel Guddal Breivik og Iren Flo var blant publikum.
Andrea Bjørke i fint driv i løypa.
Torill Lødøen og Ingrid Meland stod for matserveringa.
22 deltakarar i klasse 9-10år klare til start.
Eldbjørg Hatledal var startar og kommentator under løpet.
Jon Kristoffer Øvre-Flo deltok i klassa opp til 8 år.
Emilie Flo Stavik vert intervjua av Liv Grete Poirée.
Kjersti Fløter Reed har sikra seg løpardrikke etter målgong.
Liv Grete Poirée intervjua unge cuprenndeltakarar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.