Samanlagtresultat 2013:

Postet av Markane IL den 29. Mar 2013

Krinscupen i skiskyting 2013

Gaute Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Samanlagtresultata frå årets krinscup i skiskyting er no klare. Krinscupen er for klassane frå 13 år og oppover. For å telje med samanlagt må ein ha delteke i minst tre renn i løpet av sesongen. Finalen og dei tre beste resultata tel med på samanlagtpoengsummen.

Markane IL fekk to klassevinnarar denne sesongen. Gaute Bø (foto) vann klassa for gutar 16 år medan Johan Eirik Meland vann klasse M19.

Blant jentene vart det andreplass samanlagt til Anne-Marie Roset i J13. Kari Alskaker kom på tredje i same klassa medan Janne Alsaker vart nummer 13 i J19. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i G13. Han hadde same poengsum som vinnaren, men rangert som nr 2 sidan han ikkje deltok i finalerennet. Ved lik poengsum er det resultatet i finalerennet som avgjer innbyrdes rangering. I klassa for G14 vart det andreplass til Aksel Mathias Meland. I klasse G15 oppnådde heile fire løparar frå Markane samanlagtresultat:Håkon Midthjell Gjørven, Odd Sindre Tonning, Andreas Halsteinslid og Grim Nygård. Dei plasserte seg på rad og rekkje frå 3. til 6. plass i klassa. Også i klasse M18 oppnådde to av våre samanlagtplassering. Lars Midthjell Gjørven vart nr 2 medan Grunde Ørjasæter Breidablik vart nr 7.

 Poengtabell for krinscupen samanlagt 2012-2013


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.