Hornindal Rundt 6.7.2013:

Postet av Markane IL den 8. Jul 2013

5. plass til Jarle Midthjell Gjørven og 6. plass til Gunn Skrede

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012Hornindal Rundt vart arrangert for fjerde gong laurdag 6. juli med ny rekord i deltakartalet. I alt 101 løparar stilte opp i det ultralange løpet på 78 km medan 130 deltok på halvt løp på 38 km. Også sju løparar frå Markane deltok, alle i klassa for halvt løp.

Best plassering vart det til Jarle Midthjell Gjørven som kom i mål på ein femteplass totalt med tida 5 t 17 min 26 sek. Dette heldt også til ein andreplass i klassa for M 20-29 år. Raskast gjennom dei 38 kilometerane var Rasmus Haugen som kom i  mål på tida 4 t 48 min 12 sek.

Dei øvrige deltakarane frå Markane i herreklassa plasserte seg slik: Sjur Ole Svarstad vart nr 9  (4.plass i M30-39), Per Jakob Kyrkjeeide nr 27 totalt (5.plass i M40-49), Kjetil Svarstad nr 36 (7.plass i M 20-29), Jan Egil Gjørven nr 41 (9. plass M40-49) og Henning Heimlid nr 48 ( 11.plass M30-39)

I dameklassa for halvt løp kom Gunn Skrede på ein flott sjetteplass totalt med tida 7 t 23 min 15 sek  (4.plass i klasse K20-29). Vinnar av dameklassa totalt  vart Karoline Holsen Kyte frå Førde IL som sette ny løyperekord etter å ha gjennomført dei 38 kilometerane på 5 t 10 min 45 sek. Ann Kristin Grodås som i dette løpet representerte Aktiv trening Eid vart nr 8.

Vinnarane av det ultralane løpet på 78 km vart: Kristoffer Normark frå Iksu multisport med tida 10t 48 min 37 sek og Madeleine Linestrand frå Trångsvikens IF med 13 t 12 min 35 sek.

Meir om Hornindal Rundt er å finne på løpet si heimeside.

Resultatliste for Hornindal Rundt 6.7.2013


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.