Sjusjøen 16.11.2013:

Postet av Markane IL den 16. Nov 2013

7. plass til Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, 2011

Johannes Thingnes Bø innleia skiskyttarsesongen med 7. plass. Foto: Anders Vonheim (NC Geilo 2011)

 Det vart ei fin opning på sesongen for Johannes Thingnes Bø med ein 7. plass under sprinten på Sjusjøen. Med ein bom på den ståande skytinga var han 25,8 sekund etter vinnaren Emil Hegle Svendsen som også hadde ein bom. Ole Einar Bjørndalen kom på andreplass og Simon Desthieux frå Frankrike kom på tredjeplass.

 Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 79. Han var 3 min 54 sek vinnaren etter å ha skote på seg fire rundar.

Også 15-16 åringane hadde sesongopning på Sjusjøen i dag. Best av våre vart Håkon Midthjell Gjørven med 25. plass. Han fekk ein bom på kvar av skytingane og var 3 min 4 sek etter klassevinnar Mathias Skrede. Grim Nygård kom på 34. plass etter flott feilfri skyting. Aksel Mathias Meland vart nr 35 (4 bom), Andreas Halsteinslid nr 41 (4 bom) og Magnus Arntsen nr 45 (2 bom).

I morgon er det klart for fellesstart på Sjusjøen. Då er også Tarjei Bø på startstreken.

 Resultat skiskyting sprint gutar 15-16 år Sjusjøen 16.11.2013

Resultat skiskyting sprint menn Sjusjøen 16.11.2013

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.