Lygna 08.12.2013:

Postet av Markane IL den 8. Des 2013

Sølv til Jarle Midthjell Gjørven på NC sprint.

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012

Jarle Midthjell Gjørven tok sølv på sprinten i klasse M20-21 under NC Lygna. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven frå Markane IL/Team Statkraft Lillehammer gjekk inn til andreplass i klasse M20-21 på sprinten under DNB cup 2/Statkraft junior cup 1 på Lygna. Med feilfri skyting og god fart i løypa var Jarle med i teten under heile løpet. I mål heldt det til ein andreplass berre slegen av Fredrik Mack Rørvik frå Målselv skiskyttere som også skaut to fulle hus. Differansen opp til vinnaren var på 56 sek. På tredjeplass kom Per Arne Bakken frå Os IL. Han var 57 sek bak vinnaren.

Johan Eirik Meland som vart nummer to på normalen i går, hadde ikkje heilt dagen. Med ein bom på liggjande og to på ståande skyting vart det tilslutt ein 22. plass med 2 min 31 sek fram til teten.

I dei yngre årsklassane vart det litt for mykje bomming på våre til at nokon hevda seg heilt i toppen. I klasse M19 vart Lars Midthjell Gjørven nr 33. Det byrja brukbart med ein bom på liggjande, men med fire strafferundar på den ståande skytinga vart det tilslutt ein 33. plass, akkurat 5 min bak vinnaren Lars Aaheim Svaland frå Birkenes IL som skaut feilfritt. Grunde Breidablik vart nummer 43 i same klassa etter å ha fått åtte strafferundar. Isak Flo Bødal frå Stårheim gjekk eit nytt godt løp og vart nummer to, trass tre strafferundar.

 I klasse M18 vart Georg Halsteinslid nummer 38. Han skaut feilfritt på liggjande medan det vart to rundar på ståande. I mål var han 3 min 25 etter vinnaren Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL. I klasse M17 vart Gaute Bø nummer 81 etter å ha skote på seg sju strafferundar. Klassevinnar vart Nikolai Frydenlund frå Skonseng UL.

Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna sprint. Dato 8.12.2013 Alle klasser.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.