Bjørkelibakkane 16.2.2014:

Postet av Markane IL den 17. Feb 2014

God deltaking i Vetenrennet.

Emilie Flo Stavik og Hedda Garlid Hilde. Foto: Margunn Hjemeset

Emilie Flo Stavik vann klassa for jenter 11 år. Lengst ned i bakken kjem Hedda Garlid Hilde som vart nummer tre i same klasse. Foto: Margunn Hjelmeset

Markane IL var godt representert i Vetenrennet 2014. Av totalt 82 deltakarar kom 21 løparar frå Markane.Spesielt i dei yngste klassane var det mange frå Markane som stilte opp.

Blant dei som deltok i konkurranseklassane frå 11 år og oppover, var det også i dag mange fine resultat. Tre gjekk heilt til topps i sine klasser.

Aksel Mathias Meland vann klassa G15 etter å ha fullført den fem kilometer lange løypa på 14 min 15 sek.Han var 13 sek før Andreas Hetle frå Breimsbygda. Også tredjeplassen gjekk til ein frå MIL, Magnus Arntsen. Han var 1 min 35 sek bak Aksel.

I klass G12 vart det klassesiger til Sigurd Fotland Fænn. Han gjekk 2 km på 7 min 35 sek og var med det 39 sekund før nummer to Bendik Vereide.

Også i klasse J11 vart det markanesiger. Her var det Emilie Flo Stavik som gjekk til topps. Ho gjekk den 2 km lange løypa på 9 min 3 sek. På andreplass følgde Ingunn Bergset som var 57 sek bak. Hedda Garlid Hilde frå Markane IL kom på tredjeplass, 1min 44 sek bak.

I klassa G16 vart det pallplass til Grim Nygård. Han vart nummer tre, 1 min 32 bak klassevinnar Isak N. Hopland. Andreplassen gjekk til Matias Lote Henden. I klassa G11 plassert dei tre deltakarane frå Markane seg på rad og rekke då Daniel Langeset vart nummer 3, Anders Svarstad Hole nr. 4 og Eirik Bjørlo Sandbakk nr. 5. Klassevinnar vart Tord Sølvberg. Eirik Nor Midthjell frå Eid IL tok andreplassen.

Også i dei urangerte klassane var det mange løparar frå Markane med. I G10 gjekk Jørgen Trøsken og Torje Seljeset. I J9 stilte Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes og Mari Sofi Meland. Elias Langeset deltok i G8 medan Inger Hjelmeset, Oda Svarstad Hole og Maria Bjørlo Sandbakk deltok i J8. I dei aller yngste klassane G/J 7 år eller yngre deltok Jesper Svarstad Hole, Kornelia Trøsken og Ane Hjelmeset Kirkeeide.

Foto av nokre av deltakarane frå Markane nedanfor. Fotograf er Margunn Hjelmeset

Resultatliste for Vetenrennet 2014-Dato 16.2.2014

 

 

 

 

Jørgen Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Jørgen Trøsken.

Mari Sofi Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland

Sara Annie Aarnes Bjørnhaug. Foto: Margunn Hjelmeset

Sara Annie Bjørnhaug Aarnes

Torje Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Torje Seljeset


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.