Markane IL - Friidrett / Trim

Markane IL - Friidrett / Trim

Hornindal 25.04.2014:

Postet av Markane IL - Friidrett / Trim den 13. Mai 2015

God innsats på terrengløp i Hornindal.

Startfeltet i klassane for gutar opp til 11 år. Foto: Aslaug Thingnes Bø

Startfeltet i dei yngste guteklassane. Frå høgre: Anders Svarstad Hole frå Markane IL, Samuel Plasencia-Norlie frå Markane IL, Torje Seljeset frå Hornindal IL, Elias Myklebust frå Hornindal IL, Lukas Lødemel frå Hornindal IL, Mats Emil Olsen frå Hornindal, Mathias Ekblom Lillestøl frå Hornindal IL og Eldar Ekblom Lillestøl frå Hornindal IL. Foto: Aslaug Thingnes Bø.

Friidrettssesongen er i gong og fredag 25. april var 28 løparar frå Markane, Hornindal og Stryn samla til terrengløp med start på Hornindal stadion. Klassane til og med 12 år sprang 650 meter medan dei frå 13 år og oppover sprang 1,1 km.

Gaute Bø i klasse M17 fullførte den 1,1 km lange løypa på 3 min 32sek. Dette var dagens beste tid i langløypa delt med klassevinnarane Håvard Navelsaker (G15) og Ola Sætren (MV35-39).

I dei yngste klassane var fem av dei 19 deltakarane representantar for Markane IL. I klasse G11 var det ein jamn duell mellom Samuel Plasencia-Norlie og Anders Svarstad Hole. Samuel kom i mål på 2 min 35 sek medan Anders følgde seks sekund bak. Hedda Garlid Hilde deltok i J11 og var i mål på den gode tida 2 min 33 sek. Raskast av alle i den korte løypa var Emilie Flo Stavik i J11 som i denne samanhengen representerte Stryn T&IL.

I dei yngste urangerte klassane var Markane representert med Iselin Bø (J9) og Oda Svarstad Hole (J8).

Komplett resultatliste og fleire foto frå løpet nedanfor. Fotograf er Aslaug Thingnes Bø.

Resultatliste for terrengløp i Hornindal 25.4.2014



Startfeltet i klassane jenter 11 år og yngre. Foto: Aslaug Thingnes Bø

Startfeltet for jenteklassane opp til 12 år: Frå venstre: Oda Svarstad Hole frå Markane IL, Evelina Sætren frå Hornindal IL, Amalie Utvær Nesdal frå Hornindal IL, Sina Utvær Nesdal frå Hornindal IL, Iselin Bø frå Markane IL, Emma D. Lødemel frå Hornindal IL, Ingeborg Sætren frå Hornindal IL (skjult), Hedda Garlid Hilde frå Markane IL, Emilie Flo Stavik frå Stryn T&IL og Karoline Flo frå Stryn T&IL. Foto: Aslaug Thingnes Bø



Startfeltet for klassane 13 år og oppover. Foto: Aslaug Thingnes Bø

Startfeltet for klassane frå 13 år og oppover. Frå venstre: Mariell Taraldset frå Hornindal IL, Julia Haugen frå Hornindal IL, Ola Sætren frå Hornindal IL, Gaute Bø frå Markane IL, Håvard Navelsaker frå Hornindal IL, Benjamin Hatlelid frå Hornindal IL, Magnar Lødemel frå Hornindal IL , Håvard Kroken frå Hornindal IL, Magnus Seljeset frå Hornindal IL, Daniel Brekke frå Stryn &IL (bakrekkja) og Andreas Flo Stavik frå Stryn T&IL . Foto: Aslaug Thingnes Bø




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline