Nær-o-løp nr 1 vert torsdag 9.mai frå Ytste Maursetvegen

Postet av Markane IL den 28. Apr 2019


Markane IL arrangerer nær-o-løp torsdag 9. mai. Løpet startar frå Yste Maursetvegen, merka frå RV15 i Øyane
Start frå kl. 18.00-19.30
Kr. 40 for vaksne
Kr. 20 for born t.o.m. 16 år.
Løyper blir (ca. lengder) 3,5 km A, 2,5 km A, 2,0 km C, 1,5 km N, Rakettløype
Brikker og kompass til utlån
Medlemmer av Markane Il som deltek i minst 5 av 10 nær-o-løp i sesongen, får den flotte samanlagtpremien
Løypeleggar/medhjelpar tel som delteke.

Helsing
O-gruppa i Markane IL


0 Kommentar

Innbyding til KM-helg og o-leir i Stryn 27.-28.april

Postet av Markane IL den 22. Apr 2019

Helga 27.-28.april er det klart for KM-helg i orientering i Stryn. Det vert også ungdomssamling.


Innbyging til KM-helg


Innbyding til ungdomssamling


0 Kommentar

Lagsmeisterskap i klassisk langrenn 22.april

Postet av Markane IL den 20. Apr 2019

Lagsmeisterskap klassisk langrenn på Ullsheim måndag 22.april.
 Påmelding frå klokka 11.00.
 Fyrste start klokka 12.00.
 Startkontigent kr 50.-

...

 (Hopp /slalom må vi desverre droppe i år pga snøforholda)

 Eid IL blir saman med oss på arrangementet, slik at dei arrangerer sin lagsmeisterskap saman med oss. 

 Vi fyrer opp i Årestova og grillar litt etter rennet.

 Håpar mange av dykk har tid og lyst til å vere med på sesongens siste renn!

 Velkommen!!


0 Kommentar

Innbyding til o-leir for ungdom i Stryn

Postet av Markane IL den 15. Apr 2019

Helga 27.-28.april er det klart for ungdomsleir i orientering på Nordfjord fritidssenter. Samlinga er i samband med KM helga i Stryn. Barn og ungdom i alderen 8 til 18 år er velkomne på samling.


Her er innbydinga:


Innbyding til o-samling 27.-28.april 2019



0 Kommentar

Vi feirer brødrene Bø

Postet av Markane IL den 11. Apr 2019

Saman med Stryn Kommune inviterer vi til  fest i Stryn kulturhus 

Onsdag 17.april kl. 18.00

der vi ønskjer å markere Tarjei og Johannes sine idrettsprestasjonar sesongen 2018/ 2019.

Vi byr på litt av kvart bl.a. skiskyttarkake.

Ta deg ein kveldstur og delta i feiringa, den er open for alle.

Du er både venta og velkomen.

Helsing 

Markane idrettslag                   Stryn kommune.


Tilskipinga vil vare ca. 2 timar.


0 Kommentar

Orienteringssesongen 2019 startar opp snart.

Postet av Markane IL den 11. Apr 2019

Orienteringssesongen startar opp att igjen. Helga 27. og 28. april er det KM Mellom og KM Sprint i Stryn (Har byta dag innbyrdes i høve det som har vore annonsert tidlegare.)

Det er i år lagt inn ein ungdomscup som omfattar desse 4 løpa:  KM Sprint, Sunnfjordorienteringa, DM Mellom og KM Lang.

Cupen gjeld for ungdom til og med 20 år, i klassane D/H 13-14, D/H 15-16, D/H 17-20.

Ved KM Lang i Naustdal 15. september blir det jaktstart basert på tidsdifferansen etter dei tre første løpa, utrekna etter følgjande formel:

(Tida ved KM Sprint x 2) + (Tida ved Sunnfjordorienteringa) + (Tida ved DM Mellom) = tidsdifferanse ved jaktstart.

Det vert også i år ti nær-o-løp. Sesongen startar opp torsdag 2.mai og det er Markane som arrangerer det første løpet med start frå Ytste-Maursetvegen. Heile terminlista er lagt ut nedanfor.


Terminliste SFOK 2019 


Nær-o-løp-sesongen 2019



0 Kommentar

Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross 26.03.2019

Postet av Markane IL den 4. Apr 2019

Her er resultatlista frå sesongens siste cuprenn som gjekk som skicross tysdag 26.mars:

Resultatliste frå cuprenn 5 i skicross 26.03.2019


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline